Ørsta IL er eit tradisjonelt fleiridrettslag. Laget har vel 1200 medlemmer. Vi har no sju grupper: fotball, handball, friidrett, alpin, langrenn, trim og barneidrett (idrettskule). Hovudstyret er sett saman av dei sju gruppeleiarane samt fem tillitsvalde i eit arbeidsutval (AU). Fleire hundre frivillige er med på å drive aktivitetane i laget. Fotballgruppa har tilsett dagleg leiar samt laiar for fotballfritidsordninga (FFO).

Laget har mange idrettsanlegg. I Ørsta sentrum (Holmane) er dei største anlegga: stadion med grasbane og friidrettsanlegg, kunstgrasbane, fotballhall og klubbhus. Ved Ørsta skisenter (Bondalseidet) har laget fleire mindre bygg/anlegg i samband med alpin og langrenn. Ved det store byggefeltet Mosmarka er det ei flott lysløype med eigen trakkemaskin. Handballgruppa har aktivitetane sine i den kommunale Ørstahallen, og laget har også treningstid i gymsalen til Vikemarka skule.

Laget har stor aktivitet, særleg for born og ungdom. Vi driv mest med breiddeidrett, men kan også vise til solide resultat innan både individuelle øvingar og lagspel. Laget har som mål å kunne gi tilbod til alle nivå og ambisjonar. Visjonen vår er "Idrettsglede for alle".

 

Kalender

Juni
MTOTFLS
2930311234
567891011
12131415161718
19202122232425
262728293012

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket