ErlendA 2016-02-21 23:15:52

Medlemskap i ØIL

Ørsta IL er eit medlemsbasert idrettslag. Medlemmene er grunnmuren i laget. Alle som driv organisert idrett i regi av laget vere medlem. Det er ikkje lov å konkurrere for laget utan gyldig medlemskap.

Medlemmene er dekt av kollektiv idrettsforsikring.

Gjennom støttemedlemskap får vaksne høve til å støtte aktivitetane i laget.

Det er ikkje krav om medlemskap for dei som er med i barneidrettsgruppa, sjølv om vi vil anbefale dette. Borna i barneidrettsgruppa er dekt av kollektiv barneidrettsforsikring i NIF.

Trimgruppa driv i hovudsak aktivitetar for ålmenta. Heller ikkje her er det krav til medlemskap, sjølv om vi vil tilrå i det minste støttemedlemskap.

Det er svært viktig at medlemsregisteret er oppdatert. Dette er også eit krav frå NIF. Hovudlaget har hovudansvar for medlemsregistert. Hovudlaget brukar KlubbAdmin, eit internettbasert medlemsregister levert av NIF. Medlemslista skal innehalde: Namn, adresse, fødselsdato, e-post (til utøvar eller føresette), mobilnummer.

Medlemmene kan administrere medlemskapen gjennom MinIdrett (https://minidrett.nif.no/). Det er også høve til å gjere både innmelding, utmelding samt endring i medlemskapen ved e-post til kasserar i hovudlaget (bente.reklev@tine.no).

Fakturering av medlemsavgift gjer hovudlaget.

Det er ønskjeleg å samle flest mogleg medlemmer i familiemedlemskap. Det er kun personleg medlemskap i laget, men familiemedlemskap er ein praktisk løysing både for idrettslaget og familien.

Kontingent:
Born, kr. 100.
Vaksne (over 18 år), kr. 200.
Familiemedlemskap, kr. 400.
Støttemedlem, kr. 100

Kalender

August
MTOTFLS
31123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031123

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket