Saudehornet rett opp 6. august

Vi treng fleire frivillige for å klare å arrangere Saudehornet rett opp! 

2016-08-01
ErlendA

Ørsta IL er også i år involvert i dette arrangementet. Løpet er i år del av Noregscupen i motbakkeløp. Friidrett har det formelle ansvaret, og tek seg av tidtakinga. Langrenn er oppe i løypa og i målområdet. Resten av laget stiller i sekretariatet. Her treng vi fleire folk!

Oppgåver: Sekretariatet (småbåthamna) laurdag 6. august kl. 08 – 11. Ta imot påmelding for born og trim, samt nokre i konkurranseklassa (dei aller fleste er påmeld på førehand). Utdeling av startnumre. Ta imot betaling (også kortbetaling). Enkle oppgåver, altså. Kort og intensivt. Det er normalt 350 deltakarar i heile arrangementet. Vi bør stille med 6 stk. i sekretariatet. Det er start for konkurranseklassa kl. 11:00, då er det truleg behov for nokre vakter ved Amfi (til kl. 11:03!). La oss bidra til at dette blir eit flott arrangement!

Meld namn direkte til leiar. 

Kalender

Juni
MTOTFLS
2930311234
567891011
12131415161718
19202122232425
262728293012

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket