Nytt ekstraordinært årsmøte

Det vert kalla inn til  nytt ekstraordinært årsmøte 15.8.2016 kl. 19:30, i klubbhuset.

Saker:
1. Lån til kunstgras
2. Refinansiering lån, fotball

2016-08-01
ErlendA

Utredning:

Sak 1:  Årsmøtet 7.3.2016 gjorde vedtak om utskifting av kunstgraset i 2016. Fotballgruppa fekk også lov til å ta opp nytt lån til dette prosjektet. Totalramme for prosjektet er 2 millionar.
Fotballgruppa har no gjort avtale om utskifting av kunstgraset i august. Halve beløpet må betalast ved levering av graset andre veka i august. Prosjektet har fått fleire hundre tusen i støtte, og det vil truleg kome meir. Moms vert også delvis refundert. Det er betydeleg etterslep på utbetaling av spelemidlar. Det er difor trong om å låne kr. 1 800 000 til prosjektet. Sparebanken Møre vil gi lån, men krev følgjande vedtak:
Årsmøtet i Ørsta idrettslag, organisasjonsnummer 971371188, gir med dette styret fullmakt til å ta opp nedbetalingskreditt/rammekreditt pålydande kr. 1 800 000 i Sparebanken Møre. Dei som har rett til å signere skal underteikne alle aktuelle kreditt- og sikkerheitsdokument.

Sak 2: Fotballgruppa har to lån i Sparebank1 som dei vil samle og flytte til Sparebanken Møre, med betre vilkår. Det er litt uklart kva låna gjeld, men noko er truleg knytt til kunstgrasbana. Sparebanken Møre krev sikring i lausøre. Årsmøtet må godkjenne at banken tek slik sikring.

Kalender

Oktober
MTOTFLS
2526272829301
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
303112345

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket