|
Ny klubbrekord på 200 meter og 3. plass på Tyrvingleikane |
|
|
|
|
Hannah Marie Skjeret er i storform no. Ho hevdar seg heilt i toppen på landsnivå i si aldersklasse, jenter 17 år. Fredag fekk ho tredjeplass i klassa J-17 med tida 25,33 med godkjent vind, på 200 meter på DNB Tyrvingleikane. Resultatet held til ny klubbrekord på 200 meter med elektroniske tider, og ny personleg rekord. Resultatet gir heile 1044 poeng på Tyrving-tabellen. Sundag fekk Hannah ein svært god fjerdeplass på 100 meter med tida 12,49 med vind på +3,0 m/s, berre 24 hundredelar bak bestetida.
DNB Tyrvinglekene er Norges desidert største friidrettsarrangement, med meir enn 1.700 utøvarar og 5.000 individuelle startar. DNB Tyrvinglekene vert arrangert på Nadderud Stadion som ligg på Bekkestua i Bærum.

Hannah Marie Skjeret er heilt i landstoppen i sprint i si aldersklasse.
|
|
|
Friidrettens dag og cup 4 tysdag 11. juni |
|
|
|
|
Det var godt over 100 unge friidrettsutøvararvar med foreldre på Ørsta stadion tysdag 11. juni på friidrettens dag, og rekrutteringscup nr 4. Dei som er 10 år og yngre gjekk frå stasjon til stasjon og var med på heile ni ulike øvingar i løpet av ein time. Alle hadde fått spesiallaga startnummer for Friidrettens dag, og resultata vart skrivne rett på startnummera. Etter at dei hadde vore gjennom ni øvingar fekk alle utdelt medalje. Veret var strålande og det var eit yrande liv på stadion.
Dei som er 11 år og eldre var med på 80 meter, 300 meter, 800 meter, spyd og tresteg. Fleire sette personlege rekordar på cupen.
Trykk her for resultat for 11 år og eldre.

Nokre av utøvarane og dommarane på spyd og tresteg. |
|
Mange krinsmeistrar frå Ørsta IL friidrett |
|
|
|
|
Møre og Romsdal har mange gode friidrettsutøvarar. Mange av desse var samla på krinsmeisterskap i friidrett som vart arrangert på Molde Idrettspark i helga. Sjølv med kjøleg ver og regn vart det sett mange personlege rekordar, og mange årsbeste. Ørsta IL friidrett fekk fleire krinsmeistrar på stemnet.

Elias Hovden Nilsen var svært godt nøgd med førsteplassen i liten ball.
|
|
Les mer …
|
|
|
DNB idrettsleikar i veke 33 |
|
|
|
|

Ørsta IL friidrett arrangerer DNB idrettsleikar i veke 33, måndag 12. august - onsdag 14. august.
DNB Idrettsleikar er eit lokalt tilbud til born i alderen 6-12 år som går over tre dagar i sommerferien. På DNB Idrettsleikar skal born få trene basisferdigheiter og prøve friidrett på ein spennande og utviklande måte prega av lek og glede.
DNB Idrettsleikar er i regi av Norges Friidrettsforbund, og saman med DNB er det utvikla eit spennande konsept. Alle friidrettsklubbar har fått tilbod om å arrangere DNB Idrettsleikar.
Kva: Spennande dagar i sommerferien der born møtast til gode aktivitetstilbod på dagtid.
Alder: 6-12 år Varigheit: 3 dagar Når: Veke 33, måndag 12. august - onsdag 14. august, klokka 9-15. Påmeldingsfrist: 25. juli Pris: Kr 700,- Deltakargåve: Ryggsekk, teknisk t-skjorte, drikkeflaske m.m.
Påmelding på: www.deltaker.no/dnbidrettsleker
Meld deg på allereie no, det er avgrensa med plassar.
Innhald
Deltakarane vil få introduksjon til m.a. forskjellige friidrettsøvingar. Det vil bli innslag av løp, hopp, kast, samt leik for utvikling av balanse og motorikk i tillegg til ballspel og øvrige aktivitetar. Kyndige og engasjerte idrettsleiarar, ungdom som sjølve er aktive utøvarar i friidrettsgruppa, vil tilrettelegge og hjelpe borna på deira eigne premissar.
Bli med! La barnet ditt få ei aktiv og sosial ferietid fylt med fysisk leik tilpassa alle nivå.
|
|
Rekrutteringscup nr 4 - friidrettens dag - tysdag 11. juni |
|
|
|
|
På rekrutteringscup nr 4, tysdag 11. juni, arrangerer vi friidrettens dag for dei som er til og med 10 år i år. Det vert premieutdeling med flott medalje til alle som er 10 år og yngre.
Friidrettens dag er eit uhøgtidleg opplegg der borna får gå innom så mange stasjonar som dei klarer/vil mellom kl 18-19. Vi har ekstra fleksible reglar denne dagen. På kvar stasjon noterer vi resultata rett på startnr til utøvarane. Vi registrerer ikkje resultata på PC. Vi nyttar eigne stoppeklokker, måler lengder og høgde. Utøvarane får eitt forsøk på løp og kan velje mellom 1-3 forsøk på dei andre øvingane.
Påmelding frå kl 1715-1745. Påmeldingsavgift kr 50,-
1. Sprint (40m)
2. Langt løp
3. Hekk
4. Lengde
5. Høgde
6. Kule
7. Liten ball
8. Slengball
9. Stigehopp
Dei som er 11 år og eldre kan og delta på friidrettens dag, men øvingane etterpå er nok meir interessante for dei. Frå klokka 19.15 startar vi øvingane som er for 11 år og eldre:
- Løp: 80 meter, 300 meter, 800 meter
- Spyd
- Tresteg
|
|
|
|
|
|
|
Side 1 av 33 |