Home

Komande Aktiviteter

søn apr 15 @08:00 - 05:00
Fleire ørstalag til Nordfjordcup
tir mai 15 @08:00 - 05:00
Onsdagstur 16.mai Digernesnakken kl 18
tir mai 22 @08:00 - 05:00
Onsdagstur 23. mai Leite Skorgedalen kl 18
man mai 28 @08:00 - 05:00
Onsdagstur 30. mai Helgehornet kl 18
lør jul 14 @18:00 - 08:00
Trimrenn Bondalseide tirsdag 14. febr kl 18

Logg Inn



Info

Web-redaktører møtes på klubbhuset.

21.3.11 klokken 2000 på klubbhus

 

Dersom du ønsker opplæring som bidragsyter så møt opp.

 

 

 
Banner
Flott nasjonaldag i Ørsta
Fotball - Nyhende
fredag 18. mai 2012 19:39

beskore_17_mai_bilde_klubbhuset

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

russane_i_rundkyringa

Ein torsdag i mai. I Ørsta vart den 17. ein flott nasjonaldag med lange tog, mange som kika på toggåarane og ikkje minst flotte musikarar og drillarar som sette sitt originale stempel på feiringa i Ørsta sentrum. For medlemene i Ørsta IL fotball vart nasjonaldagen ein dag med flott dugnadsinnsats.

 

Dugnadsånda blømer i heimbygda hans Ivar Aasen. Her stiller private og offentlege instansar opp og gjer ein innsats for lokalsamfunnet og nasjonen Noreg. Her vert det halde talar som reflekterer på den store innsatsen som mange av våre forgjengarar har gjort, slik at vi i dag kan leve i eit fritt og demokratisk land. Det er ikkje ei sjølvfølgje at det er slik!

 

Hjørdis Almelid Vikenes (tekst og foto)

 
Tinestafetten i lokalpressa
Friidrett - Stemne
fredag 11. mai 2012 22:39

Det er alltid kjekt når nokre av arrangementa til Ørsta IL får omtale i lokalpressa. Etter Tinestafetten torsdag 10. mai fekk friidretts-arrangementet omtale både i Møre-Nytt og Møre si nettavis. Frå arrangørhald synest dei det er kjekt, utøvarane plar setje pris på det og publikum synest også de er kjekt å finne at "seg og sine" i avisspaltene - eller skal ein no heller byrje å seie avisruta?

 

http://www.morenytt.no/sport/article3110195.ece#.T61apOM7vzA.facebook

 

http://www.mre.no/5044108.o2.html

 

Hjørdis Almelid Vikenes

 
Rundt 700 på Ørsta stadion under TineStafetten 2012
Friidrett - Nyhende
torsdag 10. mai 2012 21:25

40 lag stilte på TineStafetten 2012 på Ørsta stadion 10. mai 2012. Det var topp innsats frå alle lag. Fleire av resultata gjekk inn på topp-10-lista for TineStafetten på Ørsta stadion. Det er tydeleg av vi har mange gode løparar i Ørsta og Volda.

Laga var samansett av elevar i  6. - 9. klasse frå skulane i Ørsta og Volda.

Kvart lag sprang åtte etappar. Kvar etappe var 200 meter. Totalt 1600 meter. Dei raskaste laga hadde tider som kraup ned mot 4 minutt.

Laga var sett saman av åtte utøvarar og to reservar, i tillegg til lagleiar. Det var dermed 440 utøvarar/lagleiarar på stadion. I tillegg var det mange gode heiagjengar, og eit stort publikum. Vi reknar med at det totalt var rundt 700 unge og vaksne på stadion.

Les mer …
 
Støtt ØIL!
ØIL - ØIL
torsdag 10. mai 2012 19:48

Sparebank 1 kjører en kampanje på facebook om dagen. Der du kan støtte opp om lokale idrettslag! ØIL har flere kanditater inne. Legger herved en link til siden, der du finner alt i ØRSTA!

https://www.facebook.com/SpareBank1.SoreSunnmore/app_279029282137596

 
Fugledans i Stryn
Handball - Arrangement
fredag 04. mai 2012 18:34

Idrettsungdomar frå Ørsta - og foreldra deira - kan meir enn å spele handball - og heie!

 

Under Nordfjordcup i Stryn i slutten av april, vart litt fritid nytta til mellom anna fugledansen. Fleire enn berre ørstingane deltok i utedansinga. Flott med utfalding både i konkurransesituasjonar og i rørsleleikar...

 

(Foto: Patricio Medina og tekst: Hjørdis Almelid Vikenes)

 

dsc_0354

Les mer …
 
Toralv Opsal fikk utmerking for aktiv innsats i ØIL
ØIL - ØIL
tirsdag 01. mai 2012 19:30
pris
Leiar: Olav Sindre Kriken og Toralv Opsal
Toralv har i mange år vore aktiv i både friidrett, handball og fotball gruppene i Ørsta IL.

I friidrett kan han vise til ei rekke gode resultat, på statistikken for sesongen 2011 sette Toralv heile 16 klubbrekorder for gutar 13-år. Fem av desse er også kretsrekorder for Møre og Romsdal friidrettskrets og det eine resultatet er norsk aldersrekord.
Lista over rekordane er vist under:
Les mer …
 
Turnering i Stryn (11-16 år)
Handball - Nyheter
mandag 30. april 2012 18:15
stryn1
Les mer …
 
Fleire ørstalag til Nordfjordcup
Handball - Arrangement
søndag 15. april 2012 21:46

Fredag 20. april til søndag 22. april reiser fleire handballag frå Ørsta til Stryn for å delta i Nordfjordcup. Spelarane gler seg, trenarane set i desse dagar opp laga og oppmennene og oppkvinnene har ein del administrasjon å gjere. Foreldre og søsken vert gjerne med, og kanskje kjem også besteforeldre og tanter og onklar for å heie på Ørsta. Samhald på bana og utanfor bana gjev styrke. Dette har ØIL handball skjønt og vektlegg det sosiale ved slike stemnehelger. Skal bli spennande å høyre om opplevingane frå denne cuphelga når ørstingane vender tilbake til heimbygda søndagskvelden. Då er dei truleg både litt slitne og forhåpentlegvis metta på gode opplevingar.

 

Hjørdis Almelid Vikenes

 
ØIL ønskjer fleire støttemedlemmer!
ØIL - ØIL
søndag 15. april 2012 13:16

Onsdag 07.mars i år var det årsmøte i Ørsta Idrettslag. Det vert i år arbeidd med fleire større saker, og  det er difor eit par ting eg ønskjer å formidle til ålmenta.

I dag er det 620 born (under 19 år) og 310 vaksne som er medlemmer i ØIL. Totalt blir dette 930 personar. Dersom alle hadde betalt medlemskontingenten, som dei  er pliktige til, hadde det nok vore enda nokre fleire medlemmer. Det er ikkje dette eg skal sette fokus på denne gongen, men talet på støttemedlemmer. Dette talet er veldig lavt i Ørsta IL.

 

Eg vil trekkje frem spesielt to grupper i ØIL som står for ein fantastisk innsats, og der det ikkje vert kravd nokon form for kontingent for å være med på aktivitetane. Den første gruppa er Trimgruppa. Dei står for aktivitetar som «Onsdagstur», «Melsmila», «Trimrenna for born» på Bondalseidet (samarbeid med Langrenn), «Idrettsmerket» samt  «Fjelltrimmen». «Fjelltrimmen», saman med «Trimrenna på Bondalseidet», er nok dei største aktivitetane Trimgruppa står for. Favorittpostane finn vi ved Skålavegen, Mosetervegen og Høgetua. Dei mest populære av desse har over 5000 innskrivingar kvar sesong. «Alle» som er på ein topp ønskjer å skrive seg « i boka». Takk til ØIL Trimgruppa for at de er der!  Totalt var det også over 300 born med på trimrenna i år, noko som også er heilt utruleg bra.

Les mer …
 
Jentebølgen 2012
Alpin - Aktuelt
mandag 26. mars 2012 22:26

spar jenteblgen_logo_2012_original

8. juni 2012

Sett av datoen til SPAR Jentebølgen i Ørsta.

Jenter i alle aldrar er velkomne til det sosiale og uhøgtidlege mosjonsløpet

på 5 km.

Få med kollegaer, venninner, naboar og slektningar til eit artig arrangement med god underhaldning,

felles oppvarming, hyggjeleg trim og flotte premiar!

Følg med på internett og i avisene.

Mosjon, helse og trivsel i sentrum!


 
«StartForrige123NesteSiste»

Side 1 av 3
Kopirett © 2012 orstail.no. Alle rettigheter reservert.
Joomla! er fri programvare utgitt under GNU/GPL License.
 

Trimgruppa